Frykter masseflukt til byene
– Det første man må gjøre er å gi dem midlertidig husly, slik at de kan greie seg der de er og ikke dra derfra, sier Jens Mjaugedal.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Hannah Arendt var og er ein kontroversiell tenkjar, ein fascinerande og provoserande guide til nokre av dei avgjerande hendingane i det 20. hundreåret. Sjølv var ho fødd i det som då var det tyske keisarriket i 1906 og ho studerte under tenkjarar som Martin Heidegger, Edmund Husserl, Karl Jaspers og Rudolf Bultmann. Ho fulgde Heidegger sine førelesningar fram mot hovudverket hans «Sein und Zeit», men måtte som jøde emigrere frå det nazifiserte Tyskland i 1933. Etter krigen busette ho seg i USA og arbeidde vidare filosofisk med dei hendingane som hadde merkt ho personleg; opphavet til og vilkåra for eit totalitært regime i hjartet av det opplyste Europa. Ho gav i 1951 ut verket «The Origins of Totalitarianism» der ho analyserte stalinismen, nazismen og imperialismen. Og i 1960 gav ho ut boka «Eichmann i Jerusalem. En beretning om det ondes banalitet.» Undertittelen på boka og omgrepet vondskapens banalitet, som knapt førekjem i teksten utover tittelen, provoserte mange. Meinte Arendt at Holocaust var eit banalt fenomen? Bagatelliserte ho lidingane? Sjølvsagt ikkje. Arendt fulgde rettssaka mot den sentrale nazisten Adolf Eichmann og forstod handlingane hans utifrå ein tese om at han ikkje personleg var driven av hat eller brutal råskap. Men at han tvert om var ein lojal, litt enkel byråkratsjel, som ville utføre dei oppgåvene hans overordna sette han til på best mogleg måte. Sjølv om oppgåva i tilfellet hans var å deportere og drepe så mange jødar som mogleg. Det var ikkje vondskap som dreiv han, meinte Arendt, men det som er kardinaldygder i det moderne samfunnet; lojalitet, pliktmedvit og lydnad. Pur banalitet, slik Arendt forstod det. Filosofisk gjekk Arendt vidare frå å arbeide med vilkåra for det totalitære til positivt å analysere kva ei faktisk fungerande felles demokratisk offentlegheit føreset. I «Vita activa. Det virksomme liv», som fagfilosofisk er hovudverket hennar, og som til liks med Eichmann-boka er omsett til norsk, analyserer ho kva som skal til for at mennesket skal kunne handle politisk. Dette verket har vore viktig for Jürgen Habermas og mykje seinare europeisk filosofi som har beskjeftiga seg med kommunikativ rasjonalitet og vilkåra for open meiningsbryting.
Allerede abonnent? Logg inn