Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Folkefiende i Tromsø

Onsdag 19. januar opnar Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF) det norske filmåret med festpremiere på Eirik Skjoldbjærgs «En folkefiende». Her handlar det om ein fjernsynskjendis som freistar å gjera karriere på sal av forureina flaskevatn frå Vestlandet. Den moderniserte Ibsen-filmatiseringa er også ein fyrste jubileumsfilm i 2005.Den utflytta tromsøværingen Eirik Skjoldbjærg er tilbake i fødebyen som heidersgjest. I tillegg til den nylaga opningsfilmen, blir det også spesialvisningar av dei tidlegare filmane til Skjoldbjærg: «Insomnia» og «Prozac Nation».Det blir nok ein norsk premiere, når festivalen viser den lovande unge regissøren Sara Johnsens langfilmdebut, kriminalforteljinga «Vinterkyss». Langfilmdebuten til norskmarokkanske Nour Eddine Lakhmiri «Blikket – Le Regard», er også endeleg klar for kinopublikum.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen