Utstøyting av funksjonshemma?
Julia Kristeva, som for ei tid sidan fekk Holberg-prisen, er også leiar av ein nasjonal komité som skal arbeida med å integrera funksjonshemma betre i det franske samfunnet. I samband med dette prosjektet hevdar ho at funksjonshemma menneske vert utstøytte frå medborgarskapen og frå samhandlinga, på ein måte som er meir radikal enn utstøytingar på grunnlag av kjønn, religion, klasse og rase. Årsaka til dette er at vi har angst overfor dei med kroppslege defektar og andre funksjonshemmingar, fordi møte med desse menneske kallar fram våre eigne eksistensielle skrik over ein mangelfull eksistens. Å stengja dei funksjonshemma ute frå samhandlinga, samsvarar difor med det vi gjer når vi fortrengjer angsten for det sårbare i oss alle inn i det umedvetne mørkret.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn