No må det bli slutt på all sutringa om kvinnefiendtleg pensjonsreform! Her har ei regjering med sans for kvinner og kjernefamilie verkeleg lagt seg i selen, og produsert ei stortingsmelding som kan gi heilt nye perspektiv på kvinners framtidige pensjon. Vi har særleg merka oss tre grep som kan gi grunnlag for visjonar om eit langt betre pensjonistliv for kvinner enn vi til no har hatt fantasi til å førestilla oss. Sia regjeringa ikkje har tatt seg tid til å forklara alt skikkeleg, vil vi no og ei par dagar framover komma med nokre tips om korleis du skal få best mogeleg utbytte av den nye reforma. Gløym alt du har høyrt om karriereplanlegging! No er det pensjonsplanlegging som gjeld.