Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stortinget parkert i sidemålssaka

I kommunestyre og fylkesskulestyre mange stader i bokmålsområda, særleg på Austlandet, driv dei to nynorskfiendslege politiske partia Frp og Høgre, med sistnemnde som pådrivar, no på med å fremja vedtak om fritak frå nynorsk sidemål i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det meste tyder på at dette er ein planlagd offensiv for å leggja politisk tyngd bak dei målfiendslege framstøytane sentralt i dei siste åra. Målet er å få bort sidemålsskipnaden, ikkje å betra undervisninga eller auka timetalet i norsk. Oslo var fyrst ute, så følgde Buskerud opp, og no kjem også Kristiansand truleg etter. Ved i eit par Vestfold-kommunar har dei også gått sine eigne vegar i ungdomsskulen, etter det avisene melder. Og sidan skulestatsråd Kristin Clemet (H) har delegert avgjerdsmakt til Utdanningsdirektoratet, der det no også er plassert utvalde folk som kan losa slike fritaksslepp igjennom, gjeld det å få spørsmålet opp så mange stader som mogeleg lokalt. Oslo fekk, overraskande nok for mange, lov av Utdanningsdirektoratet til å ta bort sidemålet for halvparten av 1. klassingane som byrja på vidaregåande skule no i haust. Og det sjølv om det såkalla Oslo-forsøket var så fagleg lausvore og uansvarleg at dei fremste fagfolka våre ved Høgskolen i Oslo og Universitetet i Oslo ikkje ville ta i det ein gong.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?