Tolkens dilemma
I heile Europa har det i vinter gått ein debatt om det kulturelle møtet mellom aust og vest, mellom islam og kristendom. I slike debattar har vi lett for å gløyme det mediet mange av desse kulturmøta er nøydde til å gå gjennom: tolken. Og overser vi tolken, overser vi noko viktig ved det å gripe dette kulturmøtet, meiner dansk-irakaren Omar Dhahir, som i november forsvarte avhandlinga «Tolkens dilemma» til doktorgraden ved Syddansk Universitet. Avhandlinga handlar om samtalar mellom arabiske bistandsklientar og sosialrådgjevarar på danske sosialkontor. I samband med oppgåva har Dhahir sjølv arbeidd som tolk i to år, og såleis kjend tolkens mange dilemma på kroppen. Eitt av desse dilemma handlar om lojalitetskonfliktar. Dei fleste tolkane opplever nemleg at både klienten og sosialrådgjevaren forventar ein allianse med tolken:? Klienten har god grunn til å forvente ein allianse med tolken, fordi dei har same språk og kjem frå same kultur. Samstundes oppfattar sosialrådgjevaren tolken som sin forlenga arm, og forventar at han skal hjelpe til med å gjennomføre dei ting lova krev, seier Dhahir.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn