I eit intervju i Klassekampen 8. desember seier Gunnar Skirbekk mykje klokt om toleranse og integrasjon. Mellom anna seier han: «Skal vi ha ein felles samtale, må vi ha eit felles språk. Alle må kunne snakke norsk.» Dette vil neppe nokon vera usamd i. Men så held han fram: «Og difor meiner eg vi må spørje oss om det er tenleg å halde fram med morsmålsopplæring for framandspråklege i skulen.» Men dette er ikkje ei nødvendig slutning. Ho manglar språkvitskapleg grunnlag, og er dessutan politisk tvilsam. Skirbekk ser ut til å meina at språkopplæring er eit nullsum-spel, og at dersom ein vel det eine, lyt det bli mindre av det andre, og at ein derfor lyt velja mellom norskopplæring og morsmålsopplæring. Men det er ikkje slik. Både menneskehjernen og skulen har rom for fleire språk. Det er ingen som har opplevt at hjernen ikkje har plass til fleire språk, og fleirspråklegheit er regelen snarare enn unnataket i store delar av verda. Det er stort sett berre i Vest-Europa at vi framleis har ei førestilling om at det er nok med eitt språk i kvart land. Skulevesenet har òg plass til fleire språk, og dersom vi forstår at det er viktig med både norskopplæringa og morsmålsopplæringa for folk med andre språk, treng ikkje det eine skje på kostnad av det andre. (Minner ikkje dette litt for mykje om sidemålsdebatten, Skirbekk?) Alle som bur her i landet har rett til norskopplæring i skulen. Men retten til morsmålsopplæring er no sjølvskriven berre for dei som har norsk eller samisk som morsmål. Ved innføring av morsmålsopplæring for barn av innvandrarar er den retten utvida til å gjelda (nesten) alle folk i Noreg. Alle skattebetalarar her i landet bør så langt det er praktisk mogleg ha rett til morsmålsopplæring for ungane sine. Det har den norske staten råd til. Det fattige landet Pakistan har inga plikt til å støtta skulevesenet i rike Noreg. (Og om dei skulle gjera det, ville det nok knapt gå ut over atomvåpenprogrammet deira, slik Skirbekk noko naivt ymtar om. Det er vel meir sannsynleg at det ville gå ut over skulegangen for jenter på den pakistanske landsbygda).Vi kan ikkje utan vidare bestemme oss for at vi skal slutta å vera eit multietnisk og fleirkulturelt samfunn. Vi har no ein gong vorte det, og metodar som tidlegare har vore brukte til å avskaffa slike samfunn, er ikkje akkurat noko som freistar til gjentaking. Det mildaste og mest «humane» ville vera tvangsassimilasjon av det slaget som vart drive overfor samar og kvenar til langt ut i førre hundreåret. Men heller ikkje det er særleg akseptabelt lenger for dei fleste av oss. Einaste utvegen er dermed å få til ein så god integrasjon som råd. Og integrasjon er ikkje det same som assimilasjon. Barn og ungdom med tryggleik i sitt eige og med nære band til familien vil også lettare bli integrerte enn rotlaus ungdom utan kulturell identitet og med dårleg sjølvkjensle. Det finst òg ein del forsking som kan tyda på at den kognitive utviklinga som ei systematisk morsmålsopplæring fører med seg, også aukar evna til å læra andre fag, inkludert andre språk. Morsmålsopplæring der derfor god investering. professor i språkvitskap