Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lennon skoten

I dag er det 24 år sidan John Lennon vart skoten på veg inn i bustaden sin på Manhatten i New York. Lennon vart frakta til sjukehus umiddelbart, men døydde i ambulansen. Drapsmannen, Mark David Chapman, som tidlegare på dagen hadde sikra seg autografen til Lennon, vart hengande på åstaden til han vart arrestert av politiet. Lennon var saman med Paul McCartney kunstnarisk drivkraft bak The Beatles, den mest populære musikkgruppa i det 20. hundreåret. Gruppa tok Storbritannia med storm i 1963 med singelen «Please Please Me» og Beatles-feberen spreidde seg til USA året etter med utgjevinga av «I Want to Hold Your Hand». Beatles selde millionar av plater og var med i populære filmar som «A Hard Day's Night» (1964). Live-konsertane vart opprørsliknande situasjonar, med skrikande ungjenter. I 1966 forårsaka Lennon ein alvorleg offentleg kontrovers, då han hevda at Beatles var meir populære enn Jesus. Det amerikanske bibelbeltet var ikkje interessert i spørsmålet, som i grunnen var eit interessant empirisk spørsmål. I staden svarte dei med platebål av Beatles-plater. Seinare vart Lennon ivrig antikrigsaktivist, men i 1975 trappa han ned musikk-karriera for å bruke meir tid på kona Yoko Ono og sonen Sean. I 1980 gjorde han comeback med det kritikarroste albumet «Double-Fantasy». Men 8. desember, same år, var det slutt.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?