I store delar av Europa går no ein diskusjon om det liberale demokratiets grunnvilkår. Drapet på Theo van Gogh og einskilde utspel i ettertid har aktualisert spørsmål med omsyn til kva normer og dygder vi må ha felles i eit demokratisk samfunn. Situasjonen er tilspissa no, men diskusjonen er ingen lunde ny. Alt i 1976 skreiv Hans Skjervheim om «Det liberale dilemma». Her hevda Skjervheim at liberalismen ber i seg sin eigen karikatur i og med at liberalismen sjølv er heva over diskusjon. «Når dei liberale prinsippa vert sette absolutt, forvandlar det heile seg til illiberalitet,» skreiv han.