Venstrekrise
– Før valet oppmoda vi folk til å røysta på Ap, og dei andre partia som gjekk mot privatisering. No opnar Ap for å privatisera Haugmotun sjukeheim. Det er veldig ille, uttaler Arvid Lia til Klassekampen. Han er hovudtillitsvald i Fagforbundet for Notodden kommune. Den økonomiske krisa i kommunen har fått Ap på glid i retning privatisering. Rådmannen har foreslått å leggja ned Haugmotun sjukeheim, som har 62 av 154 sjukeheimsplassar i kommunen. Dette førte til sterke reaksjonar, inkludert frå industri- og finansmannen Kjetil Holta, som eig Tinfos. Holta, som har mora si buande på sjukeheimen, har tilbydd seg å bidra til ei privatisering av drifta ved Haugmotun, som alternativ til nedlegging. Eit medlemsmøte i Ap opna for samtaler med investoren. Holta skal i fylgje avisa Varden «nå få oversendt nødvendig underlagsmateriale slik at han kan vurdere om det er mulig å drive sykehjemmet billigere enn kommunen».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn