Rike refleksjonar
Simone de Beauvoir:«Moden alder»SjølvbiografiPax Forlag, Oslo 2004 Oms. av Bente Christensen582 siderDen franske forfattaren Simone de Beauvoir er nok mest kjent for den feministiske klassikaren «Det annet kjønn» (1949), der ho med grunnlag i eksistensialistisk filosofi viser korleis kvinna har blitt Den andre ved hjelp av mellom anna biologiske, psykologiske og økonomiske forklaringsmodellar, for å nemne noko. Men de Beauvoir finn at ingenting av dette fullstendig kan forklare kvinnas underordna stilling, som ein dermed og til alles beste må få ein slutt på; kvinner må hevde seg aktivt som subjekt i verda. At ei så imponerande fagleg breidde i «Det annet kjønn» var mogleg forsto eg betre då eg las de Beauvoirs første sjølvbiografiske bind, «En veloppdragen ung pikes erindringer» (1958). Den fortel mellom mykje anna om ei særs god utdanning kombinert med enorm leselyst og oppdagingstrong. I oppfølgjaren «Moden alder», som vart utgitt første gang i 1960, møter vi ei vaksen Simone, framleis like kunnskapstørst. Ved byrjinga av boka har ho nylig flytta heimefrå, tjue år gammal og med stor optimisme og tru på livet. Ho har nettopp starta sitt livslange forhold til Jean-Paul Sartre, som ho så vidt møtte på slutten av «? erindringer». Hennar tilhøve til han pregar naturlegvis i stor grad boka, og var også noko denne lesaren i utgangspunktet var interessert i – både korleis ei slik kvinne som de Beauvoir kunne finne på å delvis ofre seg for livsverket til partnaren, som det i starten står at ho respekterte meir enn seg sjølv, og korleis hennar versjon av eksistensialismen likevel kom til å skilje seg noko frå hans. Eg hadde også gledd meg til å lese kva tankar ho gjorde seg kring si mest berømte utgjeving. Men fortellinga endar like etter andre verdskrig, eit par år før de Beauvoir tok til på «Det annet kjønn» ? som i dette bindet berre så vidt er nemnt. Det tredje bindet i sjølvbiografien, «La Force des choses» (1963), er enno ikkje komme på norsk. Men trass denne vesle skuffinga: «Moden Alder» er ei rik bok, og fortellinga speglar nok ein gang forfattarens breie interesse- og kunnskapsfelt. Ein tenker sjølvsagt på at dette er hennar sjølvvalde framstilling av seg sjølv og andre, og i prologen gjer ho det klart at «Jeg vil avgjort la mange ting forbli skjulte». Stilen er elles rett fram fortellande og krev lite ettertanke av lesaren. Men om noko er utelate, medvite eller umedvite, er det framleis att mange detaljar frå eit opplevingsrikt liv; vi får lese om mat, folk, stader, litteratur, teater, bildekunst, byar, reiser, kaféliv og ikkje minst hovudpersonens store kjærleik til naturen. Attgjevinga av hennar mange turar både i Frankrike og utanlands, ofte hovudsakleg til fots og sovande under open himmel, er like inspirerande som den beste reiseskildring. Ei uttalt interesse for enkeltindividet forklarar dei mange, ofte nærgåande skildringane av både kjende og ukjende menneske rundt de Beauvoir. Er ein interessert i historie, er det mykje å hente i denne boka. Særleg er andre verdskrig via stor plass, mellom anna med utdrag frå dagboka ho ei stund skreiv i den perioden. Til tider får fortellinga eit rapportpreg, men også personlege erfaringar kjem til uttrykk: Før krigen er både de Beauvoir og Sartre erklært apolitiske, sjølv ettersom både den franske og den internasjonale situasjonen tilspissar seg og dei vert stadig meir opptatte av det som skjer i verda kring seg. Men krigen endrar dette, og også de Beauvoirs tidlegare syn på livet, som generelt sagt har dreidd seg om å søke lukka for seg sjølv. I skrivande stund i 1960 har ho jo for lengst revurdert dette, men ser tilbake utan flauskap eller anger: På det tidlegare tidspunktet var jo situasjonen hennar slik og slik, så det er ikkje rart ho tenkte sånn. Ofte knyt ho nye innsikter direkte til enkelthendingar i sitt liv, som når ho for første gong vert alvorleg sjuk og vert henta av ambulanse medan nysgjerrige tilskodarar samlar seg rundt: «Jeg ville ikke ha vært mer forskrekket om jeg hadde våknet på månen. Hva som helst kunne altså skje med meg, som med en hvilken som helst annen: for en omveltning! (?) Sykdom, uhell, ulykker, det skjer bare andre, men for de nyfiknes øyne var denne andre plutselig meg: som alle de andre var jeg en annen for alle de andre.» (s 280). Vi følgjer hennar filosofiske utvikling, med den begynnande skilnaden frå Sartres eksistensialisme: «Jeg hevdet at fra frihetens synspunkt, slik Sartre definerte den – ikke en stoisk resignasjon, men en aktiv overskridelse av kjensgjerningene – er ikke situasjonene like; hvilken overskridelse er mulig for en kvinne innestengt i et harem? Selv denne innestengte tilværelsen kan man leve på ulike måter, sa Sartre. Lenge sto jeg på mitt og ga bare tilsynelatende etter. I bunn og grunn hadde jeg rett.» (s 419) Men det var forfattar de Beauvoir sjølv definerte seg som, og den beleste kvinna skriv mykje om litteratur, til dømes om dåtidas nye franske og utanlandske utgjevingar – fleire av dei no kanoniserte. Når det gjeld hennar eigne romanar forklarar ho gjerne nøye kva teknikkar og verkemiddel ho har brukt, noko ho i forordet grunngjev slik: «? en bok får først sin sanne betydning hvis man vet i hvilken situasjon, i hvilket perspektiv og av hvem den er skrevet; jeg vil gjerne forklare mine gjennom å snakke direkte til leserne.» (s 8) Dette verkar nok litt lettvint for ein lesar i 2004, og forklaringane av romankomposisjonane er etter mitt syn heller ikkje mellom det mest interessante ved denne boka. Dét er imidlertid tankane ho gjer seg kring den trongen ho har til å skrive, både generelt og sjølvbiografien spesielt. Alt som lita jente vil ho bli forfattar, og gjennom åra gjer ho fleire forsøk medan ho hovudsakleg livnærer seg som lærar, men først i 1943, 35 år gammal, gjev ho ut sin første roman. På eit mykje tidlegare tidspunkt har ho vagt notert: «Jeg har lyst til å skrive; jeg har lyst på setninger på papir, ting fra livet mitt formulert i setninger.» (s 27) Og skriv gjer ho tydelegvis heile tida, kvifor tek det såpass med tid før det lausnar karrieremessig? Vi får ikkje noko eintydig svar på dette. Men at litteratur, liv og filosofi har nære samanhengar for henne er fleire stader anten eksplisitt eller implisitt uttrykt. Ein stad fortel ho heftig korleis ho og Sartre har «sovnet og våknet ved foten av amfiteateret i Epidauros, med den sirkelrunde himmelen som tak! Jeg tåler ikke tanken på at et slikt minne skal dø med meg.» (s 298) Meir forsiktig er ho i forordet, der ho spør seg sjølv kvifor ho skriv sjølvbiografien sin (s 9): «Hva eller hvem er den til nytte for, den sannheten jeg forsøker å uttrykke på disse sidene? Jeg vet ikke. Jeg skulle ønske at leserne nærmet seg dem med det samme åpne sinn.»
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn