Mytar og fakta om prostitusjon
Eg kommenterer her Laila Ulvseth sitt innlegg «Hvordan definere prostitusjon» (Klassekampen 17. november). Ho refererer til nokre debattmotstandarar eg ikkje kjenner, men også til Kvinnefronten, og det er våre standpunkt eg her nok ein gong vil klargjera:Ulvseth seier ho ikkje har fått svar på kva definisjon av prostitusjon som gjeld i denne debatten, her er i alle fall vår: Prostitusjon er når nokon, uavhengig av kjønn og legning, blir kjøpt for seksuell nyting av andre. Dette definerer me som vold mot personane som blir kjøpte. Prostitusjon er ikkje det same som kjærleikslaus sex i eller utanfor parforhold, prostitusjon er noko anna enn å selja ei fysisk yting, som fotmassasje. Prostitusjon dreier seg om at menneske sin intimitet, seksualitet, kropp og kjensler blir selt som vare. Dette er for oss ikkje vanskeleg å sjå som eit vesentleg problem i samfunnet, og me ønsker fortsett fokus på at det er kvinner (og barn) som utgjer det absolutt største talet på verdas prostituerte, og at menn i altovervegande grad er kjøparane. Å sei at dette er veldig tvetydig, ei gråsone og tåkelagt terreng, slik Ulvseth gjer, er for oss ei uinteressant avsporing i forhold til den himmelropande uretten me prøver å bekjempa.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent