Trøndelag Teater – StudioscenaFOLKEUTRYDNING eller leveren min er meningsløsAv Werner SchwabOmsett av Øyvind BergRegi: Christoffer BerdalScenografi: Thomas BjørnagerMed: Gerdi Schjelderup, Hildegunn Eggen, Are J. Rødsand, Randolf Walderhaug, Janne Kokkin, Kikki Stormo og Ragnhild Arnestad MønnessPulp fiction på teater, eller teater med handhalde kamera! Det er ikkje akkurat kvardagskost som blir rulla opp for oss på Studioscena på Trøndelag teater. Eller kanskje er det nettopp det? I Folkeutrydning av den austerrikske forfattaren Werner Schwab (som blei ein av dei unge døde etter at han drakk seg i hel for ti år sia berre 35 år gamal) får vi vrengt ut innsida av ei bustadblokk i Graz. Og det er ikkje noko vrengebilde han presenterer jamvel om det er både brutalt og om ikkje sjokkerande, så i alle fall uvant på ei scene. På tre ulike plan bur eit knippe representantar for det urbane Austerrike. I nedste etasje – ganz unten – bur fru Orm (Hildegunn Eggen), ein forhutla katolsk pensjonist og hennar arvesyndsmerka son Hermann (Are J. Rødsand) med klumpfoten som det mest synlege lyte. Dei opnar ballet med ein verbal duell så rask og full av obscøn og infam tale at det kan vere vondt å henge med. Det er framifrå spela, og etter ein slik ouverture lurer ein på kor dette skal ende. Deretter forflyttar vi oss oppover i etasjane til familien Kovacic, ein familie så besteborgarleg og strevande som det vel er mogeleg, sjukleg oppteken av det materielle utan heilt å vere der. Mannen er i røynda redusert til det dei kallar møbelforsørgar og krafsar på dei to tenåringsdøtrene, og vel så det, medan kona ser ein annan veg og driv sosial klatring i stor stil. Janne Kokkin gjer ein kjempejobb i å syne oss denne ambisiøse kvinna som har sosial status som høgste mål. I øvste etasje finn vi den gamle aristokraten fru von Nagh spela med fingerspisskjensle og eleganse av Gerd Schjelderup. Ho har borgarskapet sin stil både i språk og veremåte, men kan vere vel så infam som dei meir plumpt utagerande i dei lågare sjikta, eller etasjane om ein vil.