Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit vanskeleg krav

Arbeiderpartiet gav i eit møte i Den utvida utanrikskomiteen (DUUK) torsdag denne veka regjeringa støtta den trengte til norsk deltaking i EU-hæren. Dette var ikkje overraskande, men er likevel særs, særs alvorleg. Norsk deltaking i EU-hæren vil heilt klart vere i strid med grunnlova, noko Arbeidarpartiet rett nok har teke atterhald om. At avklaringar rundt dei konstitusjonelle sidene ved saka skulle føre med seg ei endring i Ap sitt standpunkt er det imidlertid særs liten grunn til å vente seg. Det må vere rimeleg å leggje til grunn at det også i Ap si stortingsgruppe finst personar som var kjent med innhaldet i grunnlova; før møte i DUUK vart halde. Konsekvensane av denne saka er særs alvorlege. Noreg vil verte ein endå sterkare støttespelar til oppbygginga av ein eigen EU-hær, som – ifylgje den nye EU-grunnlova, som regjeringane i alle medlemslanda i EU har slutta seg til – skal kunne operere utanfor EU sitt eige geografiske område, altså såkalla «out of area»-operasjonar. I tillegg vert det i EU-grunnlova opna for at EU-hæren skal kunne nyttast i forebyggande angrep, eller såkalla «pre-emptive strikes». Det regjeringa med Ap si støtte her har fått gjennomslag for, er altså at Noreg gjennom deltaking i EU sine militære kapasitetar skal ta del i eit militært samarbeid som er karakteriserande for det SV finn aller mest problematisk ved Noreg sitt Nato-medlemskap. Hovudelementa i SV sitt Nato-standpunkt er jo nettopp motstanden mot bruken av «out of area»-operasjonar og opninga for førebyggjande angrep som ligg i alliansen sitt militærstrategiske konsept. At dette no skal kunne skje i EU-regi – med norsk deltaking – er sjølvsagt ikkje noko mindre alvorleg enn at det allereie i dag skjer innanfor rammene av Nato-samarbeidet.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?