Undertrykking som sjukdom
Med kamera som trøst (Med kameran som tröst, del 2, Sverige 2004) Regi og manus: Carl Johan De Geer1 t 16 min«Med kamera som trøst» fell lett inn under vignetten «røynda er villare enn fiksjonen nokon gong greier å gripa». Med sorgmild humor, sjølvironi, og bitande sarkasme fortel Carl Johan De Geer om sin dysfunksjonelle, adlege familie og sitt eige oppgjer med slekta. Historia spenner frå førre hundreårsskifte til i dag, og for å levandegjera fortida og avdøde slektningar, nyttar De Geer stillfoto, eigne kunstverk, ulike lydmanipulasjonar, musikk og rekonstruksjon – der De Geer både spelar farfaren, faren og seg sjølv som ung (her må ein bruka augo og øyro like godt). Dette er eit verk som både kan klassifiserast som sjølvrefleksiv dokumentar og installasjonskunst. Strukturen er kompleks, med enormt mange element, men forteljinga er lettforståeleg og ho engasjerer like mykje som mainstream underhaldningsfilm.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn