Mistenkt for ulovleg våpentrening
Historikaren Harald Berntsen (59) har nyleg fått mappa si frå Innsynsutvalet. Berntsen var politisk aktiv på venstresida, både i skoletida heime i Porsgrunn, og gjennom heile studietida i Oslo. Dei eldste dokumenta i Berntsen si mappe skriv seg frå midten av 1960-talet, og mange handlar om «skyteøvelser på øy i Langesundfjorden». Ein «vanligvis vel underrettet kilde» hadde opplyst at unge menneske frå SF-miljø skulle ha drive private skyteøvingar på ei øy i Langesundfjorden somrane 1964 og 1965. Etter diverse skriv fram og tilbake og undersøkingar på Håøya av ein lokalkjend kontakt, kjem konklusjonen: «Det er ikke fremkommet noe av interesse».Berntsen ristar på hovudet over dei påståtte skyteøvingane.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn