Det estetiske mistaket går ut på å forveksle den estetiske vurderings- og tenkjemåten med ein allmenn tenkjemåte. Dermed analyserer ein stadig fleire fenomen i estetiske kategoriar, noko som er karakteristisk for ein variant av postmodernismen. Bakgrunnen for kritikken min av dette mistaket er ein normativ teori om samfunnsmessig differensiering, og eg kan prøve å forklare den med utgangspunkt hos Weber («Wissenschaft als Beruf»).Den sosiologiske klassikaren Max Weber (1864-1920) framstiller differensiering som eit vesenskjennemerke ved moderniteten. Skilja mellom vitskap, moral, politikk, kunst og religion markerer heterogene område. Dei har sine eigne målestavar og sine eigne former for rasjonalitet. Dei kan ikkje reduserast til noko meir grunnleggjande, heller ikkje kan dei opphevast i ein høgare syntese. Han omtalar differensieringa som ei ny form for polyteisme, ein sekularisert polyteisme. Han talar også om kampen mellom gudane for dei ulike systema og verdiane: «Mange gamle gudar stig opp or gravene sine. Dei er avmystifiserte og ovrar seg dermed som upersonlege makter. Dei strevar etter å herske over liva våre, og startar på nytt den evige kampen mot kvarandre.»Det eg kallar scientismen, moralismen, fundamentalismen og estetismen, er fire likeverdige uttrykk for hatet mot differensieringa i moderniteten, fire forsøk på å avskaffe eller overvinne den. Overvinninga blir søkt gjennomført ved at ein tar parti for ein av «sektorane» og prøver å bli kvitt dei andre (eller å gjere dei underordna). Scientisten tar parti for vitskapen og fordreier den til ei overordna «Weltanschauung». Moralisten samlar alt inn under moraliteten og moraliserer alle spørsmål. Fundamentalisten gjer det religiøse perspektivet absolutt (døme: islamistiske terroristar og kristenfundamentalistiske krigshissarar). Estetisten tar parti for kunsten og gjer det same med den. Alle vil dei bort frå oppsplittinga i moderniteten. Alle strategiane inneber eit forsøk på å einsrette kulturen, men det skjer på motsette måtar. Dermed aukar den antagonismen som Weber kalla kampen mellom gudane for dei ulike delsystema.