Luther og skrifta åleine
Han er den einaste som er nemnd med namns nemning i grunnlova vår: «Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion», står det framleis å lese. Sosiologen Max Weber meiner han er ei av hovudårsakene til kapitalismen, kollega Emil Durkheim hevdar han ber mykje av ansvaret for at Nord-Europa har fleire sjølvmord enn Sør-Europa. No er mannen attpåtil vorten filmstjerne. To millionar tyskarar har sett den nye storfilmen om Martin Luther. Det tyder på ingen måte at Luther er i ferd med å verte populær att. For det er ikkje måte på kva vår postmoderne tid vil gje Luther ansvar for: Jødehatet, kvinneundertrykkinga, klassesamfunnet, subjektivisme og hemningslaus individualisme. No er han visst vorten sympatisk innstilt til nazismen òg. Med støtte frå Human-Etisk forbund har Religionskritisk Forlag og Ronnie Johanson gjeve ut sitatboka «Luthers lille brune». Det er ikkje nett ein sympatisk Luther vi møter der: «Se bare hvordan jødene har lidd i 1500 år – hvordan blir det i helvete, hvor de vil få det mye verre?» Eller kva med denne – er ikkje slikt noko nazisme? «Jødene skal straffes som ingen andre (?) De kommer ikke som hedningene til å falle øverst i helvete, heller ikke midt i helvete, men i helvetes dypeste avgrunn».Visepresident i Stortinget, professor i teologi og Luther-kjennar, Inge Lønning, er ikkje heilt overtydd om at Luther hadde nazisympatiar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn