Melankolsk ironi
I gårsdagens Klassekampen hevda filosof Espen Hammer, som er aktuell med bok om melankoliens historie, at skiljet mellom depresjon og melankoli er i ferd med å verte viska ut i vår kultur, og at vi dimed vil miste viktige aspekt ved melankoli-omgrepet. Kjersti Bale, professor i litteratur ved Universitet i Oslo, er ikkje utan vidare samd med han:? Nettopp i daglegspråket skil vi gjerne mellom det å vere deprimert – som er å vere nedslått og tungsindig, og det å vere melankolsk som òg har positive assosiasjonar knytt til seg. Berre legg merke til korleis adjektivet melankolsk vert brukt i meldingar av populærmusikk, seier Kjersti Bale, som personleg er sjølve inkarnasjonen av Jan Eggum-blødma «Med melankoli kjem ein langt!» Ho har nemleg tatt doktorgraden på omgrepet, med ei avhandling der ho samanliknar korleis omgrepet fungerer i litteraturteoretiske arbeid av Walter Benjamin og Julia Kristeva.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn