Filter
Dess fleire informasjonskonsulentar, informasjonsrådgivarar, informasjons- og kommunikasjonsdirektørar som kjem på lønningslistene i offentlege og private verksemder, dess vanskelegare blir det å nå fram til dei som kan tenkjast å vera rette vedkommande når vi vil ha greie på korleis det faktisk står til med det eine eller det andre, og ikkje berre korleis det er meininga det skal vera. Vi trur på ingen måte vi er åleine om frustrasjonen over å ha ringt og ringt og ringt. Ikkje berre sit informasjonsmonopolistane i lange møte, slik at dei til tider er vanskelege å få kontakt med. Men når du først får ein del av dei på tråden, er dei ofte så ivrige i tenesta at dei helst skal ha spørsmåla våre bokstav for bokstav for så å formidla dei vidare til den rette ansvarlege statsråd eller direktør som vi kan sjå for oss, trygt skjerma bak lydmur og skottsikkert glas.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn