Kabelkongen
Bill O'Reilly: «Det er usannsynleg irriterande at nokon framleis spring omkring og seier at president Bush stal valet i 2000? No teiknar nokre venstreorienterte nettsider, Jesse Jackson og andre iherdige demokratar opp eit scenario der valet vil bli drege i tvil om John Kerry skulle koma til å tapa.»Klokka er 20.00, beste sendetid på amerikansk fjernsyn, kanalen er FoxNews – USAs raskast veksande kanal – og Bill O'Reilly presenterer hovudtema for kvelden i The O'Reilly Factor: «Meir valavvik i vente?».«Andre nyhendeshow er styrt av gjestene, The O'Reilly Factor er styrt av meg.»Det fekk også han merka, valeksperten, som var invitert den omtalte kvelden, den 14. oktober. Han skulle kommentera raset av rettssaker om dei mange – særskilt fattige, svarte – som av ulike grunnar er utestengde frå å røysta.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn