Ein helt for vår tid
Collateral (USA 2004)Regi: Michael MannMed: Tom Cruise, Jamie Foxx, Jada Pinkett SmithSpilletid: 2tJamvel i den amerikanske filmfabrikken har mange regissørar utvikla ein unik og umiskjenneleg visuell stil – som ofte er det fyrste ein legg merke til ved filmane deira. Michael Mann er ein av desse. Det er vanskeleg ikkje å bli forført av filmspråket til Mann. Heilt utvunge flyt bileta over lerretet, (nesten) alltid i harmoni til nøye utplukka musikk, medan han kontinuerleg, men umerkeleg fôrar oss med vital informasjon for handlinga, samstundes som han finn tid og rom til å fortelja oss all verda om urban arkitektur og miljø i vidaste forstand. I «Collateral» er det fantastiske nattfoto frå eit nær aude Los Angeles.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn