– Best for psykiatrien
Snart eitt år etter at byrådet i Oslo – utan å rådføra seg med bystyret – valde å selja ein del av eigedommen til Gaustad sykehus til ein privat bustadutbyggjar, gjekk fleirtalet i bystyret onsdag imot bygging av bustader på dette området. Heilt sia salet vart kjent i fjor haust, har det vore protestar mot at «Bygg 18» og tomta på om lag tjue mål skulle seljast til private investorar. Protestane kom i første omgang frå Gaustad-klubben (Fagforbundet) og frå opposisjonen i bystyret. Etter initiativ frå We Shall Overcome (WSO), ein av brukarorganisasjonane i psykiatrien, vart det før sommaren samla inn 500 underskrifter mot bustadbygging på Gaustad-området, og dette var utgangspunktet for at saka stod på dagsorden for bystyret onsdag. I og med at Venstre valde å støtta kravet frå innbyggjarinitiativet, fekk byrådet fleirtalet mot seg.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent