Det totalitære Noreg
På Sunnmøre ville ikkje ein prest la Rosemarie Køhn tale av di ho ikkje var mot homofilt ekteskap. Han vart attakkert av eit samla mediepolitisk etablissement. I Oslo er alle konservative bispekandidatar med applaus frå Aftenposten fjerna som aktuelle ny biskop etter Gunnar Stålsett. Og på Stortinget kjem Karita Bekkemellem Orheim med framlegg om heve grensa for abort til 16 veker utan at kristenfolket orkar å reagere. Det er berre å innsjå: I løpet av dei siste 30 åra har ikkje Kristen-Noreg produsert ein einaste stor konservativ tenkjar. Eller rettare: Kristen-Noreg har ikkje produsert ein einaste stor konservativ tenkjar som orkar å gå i striden for den gode saka, ein fast moralsk ståstad utanfor hin enkelte. Kor ofte nemnar KrF at menneske ikkje kan styre over liv og død, og at fri abort dermed er umogleg? Kor ofte nemnar ein biskop at ekteskapet er eining for reproduksjon, og dermed utelukkar homofile? Eller endå verre: Kor ofte har vi ein stor religiøs debatt i det offentlege rom der vanlege kristne vert synt respekt og dermed rost for å delta i samfunnsdebatten? Det er som ein kan få mistanke om at Noreg er vorte eit totalitært samfunn.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent