Debatten om SVs ulike syn på norsk trening av offiserar frå quisling-regimet i Irak bør etter mitt syn gi fleire lærdomar enn det Kjartan Haugsnes i Bergen SV oppsummerte sist laurdag. Eg synst – som Haugsnes at det er fint når SV i ei pressemelding 1. oktober seier at: «SVs syn er at Norge ikke bør delta i trening av en irakisk hær, verken i eller utenfor Irak.» To veker tidlegare sa Kristin Halvorsen noko heilt anna: «I prosessen med å bygge opp Irak til et demokratisk land, med et regime som har legitimitet i befolkninga, vil det på et eller annet tidspunkt være nødvendig at de får bistand til å etablere så vel politi som militær styrke». Det er bra at partileiaren og nestleiar Djupedal tapte denne striden om kva SVs syn skal vere. Men samtidig er det minst to andre forhold det er verdt å gruble over:For det første at det var Lars Riise (KrF) som, i ein debatt før visninga av filmen Fahrenheit 9/11, kunngjorde at SV i hemmeleg møte i utvida utanrikskomite hadde sagt ja til trening av quisling-offiserane i Norge. Eg stusser framleis over at ikkje SV sjølv straks sa frå offentleg om dette standpunktet. For det andre at den utvida utanrikskomiteen arbeider slik at leiinga i eit parti kan gi stilltiande støtte til regjeringa sin politikk i hemmeleg komitemøta, samtidig som folk flest trur at partiet meiner noko anna. Haugsnes skriv at «Erling Folkvord ikke vet hvordan denne komiteen arbeider». Sjølv trur eg at eg plukka opp såpass mens eg var stortingsrepresentant at eg er brukbart orientert. Men la oss sjå på to eksempel på korleis komiteen arbeider og som ikkje handlar om å trene quisling-offiserar: Regjeringa Bondevik hadde ein samla komite – medrekna SV – i ryggen da Norge i 1999 gjekk til krig mot Jugoslavia. Ingen stortingsparti kravde debatt i Stortinget om korvidt Norge burde gå til krig. 12. september 2001 var ein like samla komite – medrekna SV – samd med regjeringa i at terroråtaket mot World Trade Center dagen før skulle handterast som om det var eit militært åtak på alle Nato-land. Det vil si at Norge etter Nato-pakta var forplikta til å slå tilbake militært.