Før hadde eg ein slags motviljug respekt for Erna Solberg. Eg tenkte at ho var ein av dei få politikarane som vågde å framføra og stå for upopulære avgjerder. Så har ho meir og meir stått fram som representant for den kvalmande, sjølvgode norske egoismen, og respekten min har naturleg nok forsvunne. Ein kan ikkje respektera ein politikar i eitt av verdas rikaste land som profilerer seg på aktiv motarbeiding av at fattige og forfølgde skal få eit betre liv. Det skumle er jo at desse umenneskelege tiltaka blir innførte litt etter litt: slutt på norskkurs for dei som sit og stirer i veggen på asylmottaka; folk blir utviste fordi dei ikkje kan bevisa at dei er nok torturerte; kritikk frå FN blir det trekt på skuldrene av. Små drypp som avstumpar oss meir og meir.