Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om fattige gamle

Torbjørn Røe Isaksen, leiar i Unge Høgre, er skeptisk til at «eldre, uavhengig av inntekt og formue, får spesielle velferdsgoder utelukkende på grunn av sin alder.» («? Mer til dem som har minst», VG, 27. august.) Isaksen tykkjer berre dei aller fattigaste pensjonistane, dei som har gjeld, bør få billeg sjukeheimsplass, heimehjelp og rabattar på buss, konsertar og så vidare. Eg har vanskeleg for å sjå koss eit slikt system, som utan tvil vil dele den eldre befolkninga i to økonomiske klassar, skal kunne fungere utan at byråkratiet blir altfor dyrt og utan at det blir ubehageleg for dei fattige eldre. Ynskjer verkeleg Unge Høgre eit system der eldre menneske som ikkje har det så lett økonomisk, må syne fram eit «honnørkort» eller liknande for bussjåføren, berre så han eller ho og alle dei andre på bussen skal vete at her, ja her kjem det ein fattig stakkar? Færre velferdskroner og lågare skatt vil aldri vere til fordel for dei som har minst og nest minst. Det treng ein ikkje å vere økonom for å skjønne. Vinnaren av det «fattigkassesystemet» som Unge Høgre ynskjer å innføre, er dei aller rikaste, som får enorme skatteletter. Då hjelper det vel fint lite at dei betaler ein tiar ekstra på bussen, Torbjørn Røe Isaksen?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen