Kolonimakta Noreg
«England knows Egypt; Egypt is what England knows; England knows that Egypt cannot have self-government; England confirms that by occupying Egypt; for the Egyptians, Egypt is what England has occupied and now governs; foreign occupation therefore becomes 'the very basis' of contemporary Egyptian civilisation; Egypt requires, indeed insists upon, British occupation.» Slik oppsummerer Edward Said i Orientalismen den koloniale tankemåten sett frå leiande britiske politikarar tidleg på 1900-talet. England veit kva Egypt er, og Egypt er ikkje noko anna enn det England har okkupert og styrer. Sidan England veit at Egypt ikkje kan styra seg sjølv, og stadfestar dette ved å okkupera Egypt, er det i grunnen eit krav frå egyptarane sjølve om å bli styrt av nettopp England. Kolonialismen som historisk epoke er over, skal vi tru historiebøkene. Men det tar lenger tid å kvitta seg med kolonialistisk tankegods. At liknande tankar er utbreidd i gamle (og nye) kolonimakter burde ikkje overraska nokon. Meir underleg er det kanskje at utanrikspolitikken til i den tidlegare kolonien Noreg er så rotfesta i tanken om «den kvite mannens byrde». Også mange av dei som opponerer mot den Bush-logrande politikken til den noverande regjeringa klarer ikkje å reisa eit anna syn på verda. Vestleg overherredømme er per definisjon eit gode for verda; det vi kranglar om er kva for innpakning dette overherredømmet skal ha. Alle som har gått på skule i Noreg veit at vi held til i eit fredselskande og solidarisk land. Noreg er ei humanitær stormakt som gjerne stiller opp med fredsmeklarar og fredssoldatar, vi er verdsmeistrar i u-hjelp og inntil for nokre år sidan var vi verdsmeistrar i miljøvern. At enkelte norske fredsmeklarar har vist seg å vera mindre nøytrale enn det vi først trudde, og at norske soldatar slett ikkje kjenner til internasjonale rettsreglar i krig, rokkar ikkje ved dette biletet. Heller ikkje at storparten av norsk u-hjelp anten går via kristne misjonsorganisasjonar eller rett til norsk næringsliv i utlandet. Vi veit jo at Noreg kan dette med fred og menneskerettar, og er nøgde dersom vi får eksportert meir av slikt til dei ikkje-vestlege utkantane i verda. Mange av dei som tok eit klart standpunkt mot invasjonen av Irak kom i tvil då okkupasjonen var eit faktum. I og med at skaden var skjedd, kunne ein vel ikkje vera så uansvarlege at ein kravde okkupasjonsstyrkane ut? I forvirringa som oppsto var regjeringa raskt frampå og sende ein kontingent soldatar nedover, riktig nok på eit «humanitært» oppdrag. Kritikken etterpå har handla om at dette var eit politisk bidrag til Bush og Blair sin krig, som vi jo var imot. Men teorien om at okkupasjonsstyrkane må bli inntil vidare fordi alternativet er kaos, står sterkt. Meiningsmålinga frå Irak som viste at eit fleirtal meinte det ville bli tryggare i landet dersom styrkane trakk seg ut, gjorde ikkje inntrykk på norske politikarar: Sidan Vesten veit at Irak ikkje kan styra seg sjølv, og stadfestar dette ved å okkupera Irak, er det i grunnen eit krav frå irakarane sjølve om å bli styrt av nettopp Vesten. Å vera krigsmotstandar, men tilhengar av vestleg overherredømme, ser ikkje ut til å vera eit problem. Då den utvida utanrikskomiteen samla gjekk inn for å trena irakiske soldatar i Noreg, var det ikkje bare Nato-lojaliteten og angsten for å ikkje vera med i det gode selskapet som avgjorde: Eit norsk bidrag kan sjølvsagt bare vera av det gode; her skal jo irakarane læra om menneskerettar og Folkeretten. Trua på at nokre lysark om internasjonale rettsreglar i krig skal endra opplæringa i Noreg frå å vera støtte til okkupasjonen til å bli eit bidrag til fred og sjølvstyre er ikkje bare naiv, men farleg. Det trengst langt djupare endringar i norsk sjølvforståing dersom vi skal få ein ny utanrikspolitikk.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn