Snus og kjærleik
Då Ulrika Bodén for tre år sidan gav ut plata Vålje «å vrake», trudde ho at innspelinga skulle bli avslutninga for eit fleirårig arbeid med folketonar frå heimtraktene, Ångermanland i Norrland. Men då folk høyrde dei tjue folketonane som Bodén hadde spelt inn, byrja det å kome notar i posten og tips om kvar ho kunne leita vidare. No er difor del to av Visor og låtar från Ångermanland kome, og «Rätt nu är det på tiden» rommar 21 nygamle viser om alt frå kjærleik og gudstru til snusdåser og kyr som skal ut på vårbeite. «Rätt nu är det på tiden» er den andre soloplata til Bodén, og ho er like uhøgtideleg og triveleg som debuten. Vokalisten er allereie høgt skatta frå ensemble som Rosenberg Sjua og Ranarim. Frå nettopp Ranarim har ho på denne innspelinga – som på den førre – med seg gitarist Jens Engelbrecht. Dei to siste akkompagnatørane er multiinstrumentalistane Anders Norudde og Mikael Augustsson. Saman utgjer dei eit kreativt komp, som kler dei nakne visene opp med ukunstla og elegante arrangement. På fleire av låtane, som på «Alle männer», viser Norudde, Augustsson og Engelbrecht eit suverent samspel – same tradisjon som Gudmundson, Möller, Willemark i Frifot.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn