Romantikkens filosof
Med sine utgreiingar om omgrepa «natur», «fridom» og «historie» vart filosofen Friedrich von Schelling til ein tenkjar med stor innverknad innanfor idealismen og romantikken. For 150 år sidan i dag døydde han i Bad Ragaz i Sveits. Med boka «Ideen zu einer Philosophie der Natur» frå 1797 offentleggjorde von Schelling sitt første utkast til ein naturfilosofi, og traff samstundes tidsånda til den tidlege romantikken. Goethe hjelpte von Schelling til eit professorat ved universitetet i Jena i Thüringen. Frå 1798 underviste han på universitetet der også Fichte og Hegel heldt til på dette tidspunktet. Von Schelling hadde mykje kontakt med den romantiske diktaren Novalis og var nær ven av Goethe, Schiller og Friedrich von Schlegel. Boka «System des tranzendenten Idealismus» blir omtalt som hans klåraste og mest avrunda verk. I denne knytte von Schelling naturfilosofi og transendentalfilosofi saman: Den som tenkjer over naturen må ta omsyn til ånda og den som tenkjer over ånda kjem ikkje unna naturen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent