Du kan bla til neste sideBla med piltastene

TID

Først besøkte me dei som søv og ikkje vaknar. Julisola var skjerma av ein grå og sommarleg havsvind. Det lukta nyslått gras frå bakken. Framfor steinane til oldemor og oldefar planta me ei karmosinraud potterose. Framfor steinane til tippoldemor og tippoldefar, og den til bestefar, den svarte, planta me gule eldtoppar. Tippoldefar, den eldste av dei som ligg her, vart fødd i 1833.Sidan gjekk me til bestemor. Ho søv i stolen sin, ho med, men vaknar når me kjem inn og er straks i storform. Den vesle mannen smiler. «Du har så vakre tenner», seier ho til den vesle mannen, «det har du ikke etter din far». Den vesle mannen er snart tre år, og bestemor er snart 95 år. «Dere må hilse på vennen min», seier ho og nikkar mot senga. Der ligg vennen oppå sengeteppet; ein stor bamse er vennen til bestemor, og den vesle mannen seier at han har helst på vennen, han gjorde det i går, det vil seia sist gong han besøkte henne.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?