Ein dom mot Frankrike i EF-domstolen kan føra til at Danmark mistar eit viktig vern mot skatteflukt. Dommen gjeld aksjeformuar som blir flytta frå eitt EU-land til eit anna. Den slår fast at EU-landa ikkje kan skattleggja urealiserte aksjevinstar når ein borgar melder flytting frå eitt EU-land til eitt anna. Dermed blir det fritt fram for aksjeeigarar som vil flytta formuen til land med låg skatt på aksjegevinst før dei realiserer gevinsten sin (sel aksjane). I dag har Danmark eit vern mot slik skatteflukt. Ein aksjeeigar som flyttar ut av landet må betala skatt av kursvinsten. Kursvinsten er verdiauken som er skjedd på aksjar som eigaren framleis har på si hand. Når denne blir skattlagt i Danmark, blir det ingen skattevinst ved utflytting av aksjeformuen. Dommen i EF-domstolen rettar seg mot det franske regelverket, som er likt det danske. Då franskmannen Heges de Lasteyrie du Salliant flytta til Belgia i 1998, vart den urealiserte kursvinsten på aksjane hans skattlagt av Frankrike. Mannen med det lange namnet klaga, og saka kom opp for EF-domstolen, som er høgste domstol i EU-systemet. Dommarane fann at skattlegginga av kursvinsten er i strid med EUs frie flyt av personar og kapital. Sjølv om EU formelt ikkje legg seg bort i skattepolitikken til medlemslanda, skal fri kapitalrørsle ha prioritet framfor nasjonalt regelverk.