Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hemmeleg handelsmakt

Verdas største naturvernorganisasjon, WWF, går til rettssak mot EUs ministerråd for å få innsyn i EUs handelspolitikk. Kjerna i striden er eit dokument frå EU-kommisjonen som heiter WTO – Berekraft og handel etter Cancun. Dette vart lagt fram på eit møte 19. desember i fjor. WWF er fleire gonger nekta innsyn i dette dokumentet av EUs ministerråd, som viser til «sensitiviteten til informasjonen som blir etterlyst».«Berekraft og handel» er stikkord for konflikten mellom miljøomsyn og økonomiske handelsinteresser. Denne konflikten vart sett på spissen under Verdstoppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg hausten 2002. Då klarte ein allianse av Noreg, Sveits og andre land å hindra eit vedtak om at WTOs handelsreglar skal vera overordna internasjonale miljø- og utviklingsavtalar. Etter at WTO og miljøavtalane i Johannesburg vart likestilte, og etter samanbrotet for WTO-forhandlingane i Cancun i fjor, har det vore heilt uklart korleis EU vil handtera konflikten mellom handel og miljø.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen