Dialekthets frå alle kantar
Torsdag 17. juni høyrde eg Sånn er livet på NRK P2. Det var intervju med tre unge AKP-arar, som skulle svara for standpunkta til partiet. Etter at desse hadde snakka, kom ein fjerdemann til orde, Hans Petter Sjøli som skriv bok om AKP(ml) og sjølv er «ein slags radikalar». Han hadde mykje å utsetja på AKP. AKP(ml) på 70-talet kan sikkert kritiserast for mykje, men ikkje for å ha nytta dialekt. Ein av dei tre som vart intervjua var Stig Berntsen frå Porsgrunn. Han snakka grenlandsdialekt, men det var ikkje godt nok for Sjøli. Berntsen vart kritisert for å ha trykket på dei same plassane i orda som Pål Steigan (organisere), altso slik som er vanleg i austlandsk og trøndersk. Eg mistenkjer Sjøli òg for å sikta til a-endingar og liknande grums, som er velkjend i dei fleste dialektane i landet. Dette blanda han saman med kritikk av omgrepsbruk som klassekamp, revolusjon osb. Alt dette var i fylgje Sjøli håplaust gamaldags om ein ville nå fram med bodskapen sin. På toppen av alt var det usexy. Er ein austlending, skal ein snakka Oslo vest-bokmål, elles er ein gamaldags. Sjøli bør kanskje ikkje stikka hovudet for langt fram med den groteske, arkaiske trøndersken sin?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent