Latin lovers
Ser av eit høgst seriøst arbeid frå Human Development Report (HDR) at Norge «er verdens beste land å bo i for kvinner» (Dagbladet). På andre og tredje plass kjem Island og Sverige. Heimlanda til «latin lovers», Frankrike, Spania og Italia, kjem heilt nede på plass nr. 17, 20 og 21.Dette gjer meg forvirra. Alle dei tre topplanda er folkesette med menn som er bleike germanarar? I alle fall på Island finst nesten ikkje innvandrarar (av nyare dato) som kunne sprite opp. Dei fleste islendingar har vassblå augo, gulrotfarga hår og blåkvit hud mellom alle fregnene. Ein forskar som eg ikkje skal namngje, seier at ein kan tydeleg sjå islendingane «stammar ned frå ei krysning av irske munkar og utegangarsauer». Når det gjeld svenskane, heiter det som kjent at «jag är inte sjuk, jag är bare svensk». Ola pottit skulle vere endå mindre å skryte av? På badestrendene i Syden kan vi berre gå heim, så snart dei dukkar opp, søringane med gyllenbrun hud, svarte augo og ditto krøller, eller blanksveis.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn