Kampen mot eliten
Det går ein mannstung debatt i Oslo sentrum om elitismen til Morgenbladet. Ei jente eg kjenner kommenterte den slik: «Totalt uviktig for meg. Masse posisjonering og markeringsbehov, men det er umogleg å sjå kva desse gutane vil». Ja og nei, svarte eg. For vi veit jo kva debattant Kjetil Rolness vil. Rolness er kjempefrustrert over at Morgenbladet «har lagt seg til hvile et sted mellom Blinderns seminarrom og hagefesten på Aschehoug». Og det høyrest unekteleg både litt grått og elitistisk ut. Rolness vil heller ha tilbake vekeavisa slik ho var «på slutten av 90-tallet»: «avisversjonen av en debattkveld på InterCity, ispedd ufordøyd fransk filosofi og fyllerør fra Zoolounge». Ja, det var tider det, tenkte både mann og kvinne både land og strand rundt då dei las (i Dagbladet) Rolness sitt harde oppgjer med det snevre eliteperspektivet til Morgenbladet. InterCity, ass! Og ufordøyd fransk filosofi – Som vanleg er debatten om elitisme ein strid mellom ulike elitar. Den tradisjonelle elitekampen står mellom pengeeliten og daningseliten, også kjent som Børs og Katedral. Men dei siste tre tiåra har eit nytt sjikt gjort seg gjeldande: Etter utdanningseksplosjonen på 1960-talet har vi fått ein kunnskapsbasert øvre middelklasse som står i ein tredje, ganske vrien, posisjon. Dette sjiktet har ofte høgare utdanning, men vi kjem ikkje frå det etablerte daningsborgarskapet. Vi markerer kulturell avstand til den simple allmuen («tenåringsfødende lavkastefolk», som dei heiter i Klassekampen), men også til professoreliten. Vi er ikkje opptekne av «finkultur», for på det feltet kan vi aldri hevda oss mot slektene som i generasjonar har forvalta «den legitime smak». Til gjengjeld er vi uslåelege når det gjeld å ta på alvor popmusikk, film, teikneseriar og såpeopera. Innanfor akademia har dette sjiktet i mange land utvikla sine eigne nisjer, som «cultural studies» ? bastionar for åtak på dei gamle og dølle elitistane i toppen av systemet. Og faktisk har denne semieliten klart å destabilisera poisisjonen til professorveldet. Men dei kunne ikkje klart det åleine. Dei kunne ikkje klart det utan oss som bur like under dei i åndspyramiden: journaliststanden og massemedia. Spesielt i dei mest kommersielle media er journalistar grundig disponert for instinktiv motstand mot professorveldet. Professorane er jo ofte elitistiske nok til å påstå at massemedia har viktigare oppdrag enn å gje folk det dei vil ha. Den akademiske semieliten har også andre, og mektigare, potensielle støttespelarar. Den sterkaste motpolen til danningseliten er jo pengefolka – Børs&Business – den sterkaste eliten av alle. Det er når den «radikale» kritikken av høgkultur ikkje let seg skilja frå den kommersialistiske påstanden om at Marknaden er eit demokratisk organ, at den kulturbaserte semieliten hamnar i den litt trengte posisjonen som nyliberalismens glidemiddel. Dersom valet står mellom ufordøyd fransk filosofi og hagefesten på Aschehoug, er det kanskje ikkje så rart at mi radikale venninne blar forbi debatten om «elitisme». Men kanskje burde ho heller ta ordet sjølv. Når kampen om kva som er «radikalt» blir konstruert som eit val mellom Høgre-mannen Francis Sejersted (!) og ein halvakademisk semielite som aldri har nærma seg ein venstreradikal tanke – har det ikkje då opna seg ei låvedør i debatten? For ein politisk radikal kritikk er det ikkje tilfredsstillande å gyva laus på den eine eliten, for deretter å mangla politisk intelligens til å sjå korleis dette tener den andre (og langt meir reaksjonære) eliten. Det er ikkje radikalt å hata elitismen til Katedralen, medan Børsen får stå i fred. Det er politisk tilbakeståande å tru at valet står mellom «høgkultur» og «kommersiell kultur».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn