På fredag før helga vart EUs statsleiarar samde om forslag til grunnlov for EU. Om ho vert ratifisert av medlemslanda, skal grunnlova erstatte det gamle byggverket av traktatar frå Roma-traktaten (1957), Enhetsakten (1986), Maastricht-traktaten (1991), Amsterdamtraktaten (1997) til Nicetraktaten (2000). EU-grunnlova fører unionen ytterlegare lengre i overstatleg retning og fjernar einskildlanda sin vetorett på nye områder. Hovudregelen i unionen vert at vedtak skal fattast med kvalifisert fleirtal, og grunnlova fjernar den gamle talmessige favoriseringa av dei små landa.