Barne-tv
Eg meiner at Morgonbladet burde skrive meir om Barne-tv. Eg trur nemleg det er mange som interesserer seg for barne-tv, i alle fall på nachspiel. Særleg interesserte er folk i å snakke om kva for barne-tv som var mest populært eller mest minneverdig då dei var små, og eg likar best slike som kan synge heile Kalle Klovn-songen, og som hugsar karakteren Burt. Likevel er det ikkje dei gamle heltane eg vil ha omtalt i Morgonbladet. Nei, eg vil gjerne sjå Morgonbladet rette eit kritisk søkelys på keisame og slitsame program av typen Fimlene og Gnottene, der folk har kledd seg ut i svære, stive drakter og oppfører seg som idiotar med irriterande latter. Desse programma må seiast å vere i alt for nær slekt med kultprogrammet Teletubbies, som hadde si storheitstid på slutten av nittitalet, men Fimlene og Gnottene er ikkje i nærleiken av å ha den same kvaliteten. I Storbritannia vart Teletubbies sendt om morgonen, og programmet var mellom anna populært blant ecstasy-brukarar som nettopp hadde kome heim frå fest og trong noko fargesterkt å kvile augo på. Teletubbiane åt kaker med smilefjes på, og så blei dei veldig glade. Har du nokosinne sett ein Fiml eller Gnott gjere noko liknande? Og der dei enkle Teletubbiane berre kunne uttrykkje seg i latter, hyl, applaus og nokre få ord, er Fimlane og Gnottane alt for artikulerte for sjangeren sin. Eit barne-tv-program som fortener ros, er den amerikanske dukkeserien «Bjørnen i det blå huset». Du kjem til huset og ringer på, og når den svære, lodne bjørnen opnar døra, ønskjer han deg ikkje berre hjarteleg velkommen og ber deg komme inn, nei, han snuser attpåtil interessert på heile deg, og seier at du luktar godt. I løpet av heile programmet, når han er rundt omkring i huset og snakkar med dei forskjellige karakterane, passar han heile tida på å invitere deg med vidare, slik at du aldri skal bli ståande att åleine på ein framand stad og kjenne deg gløymt. Og når programmet nærmar seg slutten, går bjørnen opp på loftet for å synge farvelsongen saman med månen. Dei syng: «For vi er her selv om du må gå, og du vet jo at vi venter på deg.» Nokon og einkvar kunne nok ønske seg å flytte inn saman med den bjørnen, og programmet fortener difor ei fyldig omtale etter kvar episode. Eg meiner Morgonbladet burde kjenne si visitt-tid her, og eg meiner også at denne avisa burde skrive meir om Yatzy. No opnar eg dører som før har vore stengde.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn