Åslaug Haga satsar på Norden.– Det er uhyre interessant at vi ser ein reell folkeleg vilje til å utvikla tettare nordisk samarbeid som eit alternativ til EU, seier Sp-leiaren.
Knapt 100 år etter frigjeringa frå Sverige meiner Senterpartiet det er på tide å retta blikket mot nabolanda her i nord. Det er ei meiningsmåling som har fått opp den nordiske entusiasmen hos Åslaug Haga. I både Danmark, Sverige og Noreg er det fleirtal for eit nordisk forbund som alternativ til EU-medlemskap, viste målinga som Gallup gjorde for den danske Folkebevægelsen mod EU i mai (sjå faktaboks).