Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fekk munnkorg i «Plata-debatten»

Sjukepleiar Wenche Tveit i Oslo kommune fekk forbod mot å vere med i debatten om i Redaksjon EN i NRK måndag om rusmisbrukar-miljøet på Plata i Oslo. Tveit jobbar i Oppsøkende tjeneste, som kjenner kvardagen til rusbrukarane i Oslo. Redaksjonen i NRK stadfestar overfor Klassekampen at dei ønska å ha Tveit med i debattprogrammet – i tillegg til byråd Margaret Eckbo – for å få fram dei helsemessige forholda og sannsynlege helsemessige konsekvensar av ei oppløysing av Plata-miljøet. Wenche Tveit vart spurd av sin sjef om ho kunne vera med i debatten, noko ho svara ja til. Men seinare same dag fekk Tveit beskjed frå overordna om at det ikkje skulle vera nokon frå Rusmiddeletaten med i debatten. I staden representerte byråd Margaret Eckbo kommunen i programmet.