Vil ha omkamp om Gaustad-sal
Oslo-ordførar Per Ditlev Simonsen fekk i går overlevert over 500 underskrifter på eit krav om at bystyret må ta opp til behandling salet av ein eigedom på Gaustad sykehus. Ap, SV og RV kravde hausten 2003 at kommunen måtte stansa salet av ein bygning og eit tomteareal som til no har tilhøyrt Gaustad sykehus, som er ein del av Aker universitetssykehus. I ettertid har det vist seg at salet vart gjennomført 18. desember 2003 utan at bystyret har blitt informert. Dette var tretten dagar før Klinikk psykiatri ved Aker sykehus tok over ansvaret for halvparten av rusomsorga i Oslo, nettopp det kommunen tidlegare har sagt dette bygget skulle brukast til.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn