Aust-Timor, Noreg og grådige Australia
Aust-Timor vart verdas nyaste nasjon i mai 2002, men framleis står eit grunnleggjande aspekt ved sjølvstendet uløyst: Aust-Timor har ikkje sjøgrenser med naboane sine, Australia og Indonesia. Dette betyr at havområda til Aust-Timor ikkje er fastsett. Ein avtale om slike territorialdelelinjer er heilt avgjerande for framtida til Aust-Timor fordi dei avgjer retten til dei store petroleumsressursane i Timorhavet, som har ein total verdi på over 200 milliardar kroner. Olje- og gassinntekter frå Timorhavet kan tryggje den økonomiske framtida til Aust-Timor og gjere landet mindre avhengig av utviklingshjelp. Permanente sjøgrenser i Timorhavet vil dessutan skape tryggleik og stabilitet som gjer fastlandet meir attraktivt for sårt trungne investorar. Regjeringa i hovudstaden Dili prioriterer difor sjøgrensespørsmålet høgt.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent