Veksten som forsvann
Ulaanbaatar, mars 2000: I Mongolias parlament var det kalt saman til konferanse om den desperate økonomiske situasjonen i landet. Jorda var beita ned, det var fare for permanent forørkning, industrien var nesten utrydda. Under Sovjetunionen hadde Mongolia opplevd økonomisk utvikling og framgang. Så, frå 1991, innførte landet frihandelskapitalisme etter Washingtons smak. Det vart fri flyt av kapital og null toll på all import (minus alkohol). Slik vart Mongolias kasta ut i verdsøkonomien. Resultata av 50 års industrialisering vart så å seia utrydda på fire år. Eksporten frå Mongolia vart meir enn halvert gjennom 1990-talet. Produksjonen av sement gjekk ned med 79 prosent, produksjonen av kamelullteppe fall med 76 prosent, frå 1989 til 1998. Industriarbeidarane måtte venda tilbake til landsbygda. Talet på gjetarfamiliar vart tredobla, åtte millionar ekstra beitedyr gjekk laus på landet. Snart var landbruket heilt på felgen på grunn av overbeite og fordi landet ikkje hadde råd til å importera gjødsel. Avlingane vart halverte frå 1989 til 1998. Inntektene til staten forsvann, helsestellet for kvinner og born braut saman. To millionar husdyr svalt i hel vinteren 1999-2000. Mongolia hadde vore ein av dei flinkaste elevane i klassen til Det internasjonale pengefondet. Resultatet var katastrofalt. Er utviklinga i dette vesle fjellandet eit unnatak? Har den nyliberalistiske politikken stort sett skapt stigande vekst? Noreena Herz, ein kritikar av nyliberalismen, hevdar dette. I boka «Den tause revolusjonen» skriv ho at «nettoresultatet» av den globale kapitalismen (tidfesta til etter 1980) «har vært en hittil uovertruffen vekst i den materielle velstanden». Poenget til Hertz er at «vi betaler en alt for høy pris for den stigende økonomiske veksten». Prisen er aukande fattigdom og sosial ustabilitet. Hertz vil prioritera demokrati og utjamning framfor stigande økonomisk vekst.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn