Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Automatikkens forbanning

Det norske postvesenet, umdøypt til POSTEN NORGE, hev påført oss ei ulempe. Mannen min og eg hev hatt den same adressa sidan 1968, og me hev ikkje meldt adresseforandring. Likevel hev Posten byrja å sende posten vår til ei ny adresse på ein annan kant av byen. Eg leitar i Telefonkatalogen for Oslo -04 etter lista over postkontor i Oslo, med geografisk adresse og telefonnummer til kvart av dei, fåfengt. For eit par år sidan var ei slik liste å finne. No finst berre eitt nummer for heile landet: 81 00 07 10. Ei viktig upplysningskjelde for publikum er fjerna, ei viktig sambandsline millom eit teneste-vesen og den einskilde borgar er broten. Eit paradoks når ein tenkjer på at postvesenet og telegraf/telefonvesenet er naudsynte delar av grunnskipnaden i samfunnet, deira føremål er – eller i alle høve var

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?