Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi får ikkje vite svaret

I diktsamlinga «Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville» av Ragnar Hovland kjem det fram at dei to dyra som er nemnde i tittelen ikkje hadde så mykje å seie kvarandre. Det heiter også at skodda over heia gjorde det vanskeleg å avgjere om møtet i det heile fann stad. Det er ikkje bra dersom løgner blir presenterte som sanningar! Det må imidlertid ha vore utanforståande som trakk hendinga i tvil. Katten nemner nemleg møtet i minneboka si, og det er større grunn til å tru på ein som har notert memoarar enn på tilfeldig forbipasserande som blir blenda av skodde. Eit anna i utganspunktet tvilsomt dikt, er det godt kjente «Over prærien». Dette diktet handlar om Ivar sjølv, og om katten, og no skal dei på dans! Indianarane er hakk i hæl, men Ivar og katten kjem fram til dansen, der Ivar får kviskre «my love», stikk i strid med all norskdomstanke og med all historiekunnskap om Aasens manglande dametekke. Dette er så oppsiktsvekkande at rockebandet Dei nye Kapellanane har tonsett diktet, og dei framfører det med glød og stor innleving på cd-en «Living next door to Alice Cooper». «Over prærien» vart også brukt som utgangspunkt for ein teikneseriekonkurranse for born, og dersom ein er interessert for samanliknande studium av Hovland/Aasen-teikneseriar, kan ein reise til Aasen-tunet i Ørsta og be om å få sjå på dei fleire hundre innsendte bidraga.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen