Aristoteles
At Aristoteles levde på 300-talet før Kristi fødsel, veit me, og eg skal kje gå meir inn på den saka, for når eg nemner 'n, har det språklege grunnar. Eg hugsar kje om det var på folkeskulen eller ungdomsskulen eg lærde å uttale namnet hans med aksent på tredje siste stavinga, altså Aristóteles, men det er ei god stund sidan. Slår du opp i eit leksikon, blir du opplyst om det same. Men eg hugsar at me au lærde å seie Sókrates, Eurípides og Aristóphanes med aksent på tredje siste stavinga. Det fall meg aldri inn anna enn at me lærde å uttale desse greske namna slik for di dei gamle grekarane au gjorde det – og flott lét det. Men då eg sjølv tok til å snuse i greske ordbøker og grammatikkar, fann eg snart ut at folk i det gamle Hellas absolutt ikkje sa Aristóteles, Sókrates, Eurípides og Aristóphanes, men Aristotéles, Sokrátes, Euripídes og Aristophánes! Korleis kan dette henge i hop? Lat meg byrje i den eine enden, som heiter gresk aksentuering. Eg skal kje framstille den ovringa i alle detaljar, men me lyt slå fast at gresk hadde eit aksentsystem som likna litt på det me finn i moderne norsk. Dei to norske orda tanken (bunden form av tank) og tanken (bunden form av tanke) har begge aksent på fyrste stavinga, men aksenten har kje same tonegangen i dei to orda, så uttalen er ulik sjølv om skrivemåten er lik. På gamalgresk hadde dei på eit vis au to aksentar. Omkring 200 f. Kr. byrja Aristophánes frå Buzántion (Bysants) – ein annan Aristophanes enn komedieforfattaren frå Athen, som levde 200 år tidlegare – å skrive aksentane, for å hjelpe utlendingar. Den eine skreiv 'n med eit akutt-teikn (´), som i híppos 'hest', og den andre med eit sirkumfleks-teikn (^), som i Mukênai 'Mykene'. Akutt-teiknet stod truleg for ein høg tone og sirkumfleks-teiknet for ein fallande tone. Av og til blei akutt (´) bytt ut med gravis (`) og låg tone, men det kan me gløyme her. Eit gresk ord kunne ha akutt (´) på ei av dei tre siste stavingane, som i génesis 'opphav', polítes 'borgar' og potamós 'elv', medan sirkumfleks (^) berre var mogeleg på dei to siste stavingane, som i Mukênai 'Mykene' og Xenophôn 'Xenofon'. Det forvitnelege er at akutten berre kunne stå på tredje siste stavinga når siste stavinga hadde ein stutt vokal. Både Aristotéle:s, So:kráte:s, Euri:píde:s og Aristopháne:s hadde lang vokal (her merkt med kolon) i siste stavinga, så Aristótele:s, Só:krate:s osb. var umogelege uttalemåtar på gresk. Men kvifor seier me likevel det me seier? Me aksentuerer desse greske namna på romersk vis. På latin låg aksenten på tredje siste stavinga når nest siste stavinga hadde ein stutt vokal utan nokon konsonant etter, og slik var det i alle desse fire namna, som difor blei Aristótele:s, Só:crate:s, Eurí:pide:s og Aristóphane:s på romarmålet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn