Fiddi Sunde
– Det finnes kun tre typer menn.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Under ein høg blå marshimmel kom ein strid vind frå vest og kvirvla laussnjøen dansande til vêrs på snaudflatone og fekk granene i hogsten min til å bøygje toppane sine i kasti og rette seg mjukt upp att når det stilna av. Eg stod med motor-sagi i handi og stirde på ei som ikkje svega og bøygde seg i kasti, ei diger turrgran. Grå og turr som knusk peikte ho stivt upp i himmelblå. Eg fylgde henne med augo radt til topps. Ho vagga berre litevetta på seg. Slik vilde ho stå i storm og stille i mange år til røtene hennar rotna, og ein varm vårdag når telen endeleg sleppte taket i dei morkne rotendane, vilde ho kjenne seg uvel og svimmel og sige yver ende, mestsom roleg gå i gravi.
Allerede abonnent? Logg inn