Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med Øgrim som leiarstjerne

Tron Øgrims personåtak på Hans Olav Brendberg på kronikkplass i Klassekampen er eit gufs frå dei mest antiintellektuelle og primitive tradisjonane i den gamle ml-rørsla. Og det gjev utrivelege assosiasjonar. For nokre år sidan, då eg gav ei større førelesingsrekkje om fascismen til historiestudentar ved NTNU, kommenterte eg særskilt den fascistiske antirasjonalismen – appellen til kjensler framfor fornuft. Øgrim sin kronikk er ein ypparleg case-studie på teknikken. Ved grovt tendensiøs utlegning av Brendbergs standpunkt freistar han å brunstempla Brendberg. For Øgrim spelar det tydeleg nok mindre rolle at Brendberg ikkje meiner at jødar (eller andre folkeslag) er mindreverdige – og at han tek avstand frå diskriminering eller trakassering av dei. Funksjonen av Øgrims rolle som uformell og sjølvoppnemnd politisk kommissær er klår: Det er eit bidrag til å gjera det illegitimt med konkret diskusjon av makta til den jødiske lobbyen i USA. Det er og eit bidrag til å gjera det illegitimt å diskutera om det finst etniske grupper der variantar av settlarideologiar har vore so hegemoniske at det normale mangfaldet er mindre interessant å framheva. Eg oppfattar Brendberg si påpeiking av at den sionistiske ideologien har vorte so hegemonisk at venstresida sitt bastant ideologisk-skjematiske skilje mellom jødedom og sionisme er i utakt med røyndomen, som eit av hans hovudærend. Sjølv arbeider eg med unionistisk historie i Nord-Irland. Det er ogso eit tilfelle der ein partikularistisk settlarideologi har vore hegemonisk. På mitt fagfelt ville Brendbergs logikk gått rett inn i eit av hovudstraumdraga av historiefaglege forståingar, og det same ville langt på veg vera tilfelle i historiediskusjonar om dei kvite i Sør-Afrika under Apartheid. At Brendberg fylgjer ein parallell logikk når det gjeld jødar, må vera heilt legitimt, dersom då ikkje jødar skal vera unnateke for dei historiske og politisk-etiske vurderingar som andre aktørar vert utsette for. Det er nett eit slikt unnatak sionistane ynskjer, og dei får her god draghjelp frå Øgrim og andre representantar frå den sokalla venstresida. Denne utdefineringa av diskusjon om røyndomen vert mellom anna legitimert gjennom ein variant av antitetisk logikk der hovudpremisset er at alt høgreorienterte har sagt om jødar er hakkande gale. Rasismen deira er sjølvsagt ikkje akseptabel, men det er ikkje brukbart som argument mot påpeikingane deira av jødisk makt og maktutøving. Og framfor alt er det ikkje brukande som motargument dersom ikkje-rasistiske intellektuelle kjem fram til liknande konklusjonar om jødisk makt. Påstandar om jødisk makt kan berre tilbakevisast av konkrete studiar bygd på empirisk gransking, tilvisingar til Øgrimske eller andre ideologiske skjema held ikkje mål då.Øgrims bidrag til ordskifte og ny innsikt er så langt svært små samanlikna med Brendberg. I staden satsar Øgrim på avsporing av heile ordskiftet ved å definera Brendberg og Shamir som halv- eller heilbrune, det er ein retorikk som jamvel gjev halvgamle sumpradikalarar ein aura av ungdommeleg radikalisme. For oss som har opplevd Øgrim tidlegare, er dette ikkje særleg overraskande.