Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sidemålet i Oslo

Det er sett i gang eit kultur-opprop for sidemål i Oslo. Det likar ikkje Knut Johansen, og i Klassekampen 17. februar prøver han å gi inntrykk av at forfattaren Tove Nilsen er «bondefanget» til å skrive under på noko ho ikkje kan nok om. Sjølv trur eg at både ho og alle andre som til no har skrive under oppropet, veit kva dei gjer. (Jfr. www.nynorsk.no/sidemål.) Knut Johansen er eg meir usikker på. Han kjem med påstandar om at byrådet gjennom sidemålsframlegget sitt eigentleg har som føremål å styrkje nynorsken og norskfaget. Eg har vanskeleg for å fylgje resonnementet hans her. Realitetane er jo at byrådet har kome med framlegg om å fjerne obligatorisk sidemålsopplæring ved alle vidaregåande skular i Oslo i ein periode på tre år. Det kan her vere på sin plass med litt elementære opplysningar om sidemålsordninga: Heilt sidan innføringa av sidemålsstilen i 1907 har sidemålet vore eit skriftleg emne. Målet har vore at elevane skal lære seg å skrive sidemålet. Også i tida før 1907 hadde Oslo-elevar høve til å lese nynorsk lyrikk, utan opplæring i skriftleg nynorsk. Men ein kalla sjølvsagt ikkje slik lesing for sidemål av den grunn. Når sidemålet er obligatorisk, er utgangspunktet at både nynorsk og bokmål skal vere allmennkunnskap. Det dannar igjen grunnlaget for språkleg jamstelling. Såleis dreier sidemålet seg om viktige kulturpolitiske prinsipp: Skal Noreg framleis vere eit tospråkleg samfunn? Skal både nynorsk og bokmål oppfattast som delar av skriftkulturen? Og skal Oslo vere hovudstad i Noreg?

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?