Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Først tok dei kurdarane…

  • Det kurdiske folket har aldri vore herrar i eige hus. Historia deira er ei historie av kamp for i det heile tatt å bli anerkjent som folk. Etter første verdskrig lova dei europeiske stormaktene å dela inn det tidlegare ottomanske imperiet slik at kurdarane endeleg kunne få sitt eige land. Dessverre passa det betre å trekka opp landegrensene slik at oljeressursane skulle blir enklare å kontrollera frå Storbritannia, og dermed hamna kurdarane som minoritetar i dei nye landa Tyrkia, Irak og Iran. Også i dag er kontrollen over olje- og vassressursane i dei kurdiske områda styrt av andre. Diyarbakir, den kurdiske hovudstaden i det austlege Tyrkia, har det største vasskraftverket i landet. Men alle kraftlinjene går ut av byen og vestover mot Ankara, ut av dei kurdiske områda. Situasjonen i Tyrkia, der den største kurdiske minoriteten er busett, illustrerer det tilsynelatande paradoksale i kurdar-spørsmålet. Sidan 1984 har den tyrkiske hæren øydelagt 3000 landsbyar og meir enn 30.000 menneske i dei kurdiske områda har blitt drepne. Ein systematisk og brutal krig mot ei heil folkegruppe, sponsa av vestlege allierte gjennom Nato-medlemsskapet. Samtidig nektar den tyrkiske staten for at kurdarane i det heile tatt eksisterer. Forteljinga var inntil nyleg at dei er «fjelltyrkarar». I den kurdiske frigjeringskampen har kultur blitt politisk. Fordi kurdarane utgjer eit trugsmål gjennom sin eksistens som ein stor minoritet og dermed ein potensielt viktig maktfaktor, blir alle kulturelle ytringar som avslører denne eksistensen politiske ytringar. Derfor slår den tyrkiske staten så hardt ned på alle kurdiske kulturuttrykk. Dersom eit barn skal få eit kurdisk namn, må foreldra rekna med fengselsstraff. Då parlamentsmedlem Leyla Zana sa fram truskapseiden på kurdisk, unngjekk ho så vidt dødsstraff og har i staden sona snart ti år i fengsel. Den ubøyelege viljen til å dyrka sin eigen kultur handlar ikkje bare om kjærleiken til språk, litteratur, musikk og dans. Det handlar i grunnen om demokrati. Så lenge det kurdiske offisielt sett ikkje eksisterer, kan ikkje kurdarane delta som likestilte borgarar. Tyrkia manglar mange viktige demokratiske trekk, men ikkje bare for kurdarane. Også det store fleirtalet av innbyggarar lir under den statlege nedkjempinga av kurdisk kultur og motstand. Kurdarane blir fråtatt ytringsfridommen og høvet til å velja representantar som kan tala deira sak. Når demokratiske rettar manglar for rundt ein fjerdedel av befolkninga, som også utgjer den fattigaste delen av befolkninga, er det lettare å halda nede politisk opposisjon som kjempar for økonomisk utjamning, velferd og arbeidsrettar. Hærens makt er eit anna problem. For at politi og hærstyrkar skal kunna slå ned kurdisk motstand på ein effektiv måte har hæren skaffa seg utvida fullmakter, og rettsstatlege prinsipp er det få av. Når vilkårleg fengsling og tortur blir daglegdags, står også andre opposisjonelle for hogg. Her finst ein viktig parallell til utviklinga i Europa og USA. Når terrorfrykta kan rettferdiggjera statleg rasisme, innsnevring av asylretten og ein skjerpa tone mot mindretala i vestlege land, skjer det samtidig med at ein lempar på rettsstatlege prinsipp og innskrenkar demokratiske rettar. Overvaking av alle ikkje-vestlege studentar i Noreg handlar ikkje bare om rasistisk mistenkeleggjering av mindretala. Det legg grunnen for eit samfunn der demokratiet bare skal gjelda på heldige dagar, for dei få utvalde. Den tyrkiske staten si demonisering av kurdarane har fått mange tyrkarar til å godta eit klassesamfunn med store sosiale forskjellar, styrt av militæret og med svært avgrensa demokratiske rettar. Heldigvis finst det ei levande tyrkisk freds- og demokratirørsle som kjempar mot hærens makt. I Tyrkia går vegen til demokrati og sosial rettferd gjennom ein brei allianse mellom kurdarane og alle andre krefter som kjempar for menneskerettar og folkestyre. Også i Noreg bør venstresida hugsa at solidaritet med mindretala er i fleirtalet si interesse. Ingrid Fiskaa leiar i Sosialistisk Ungdom

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?